Om rovviltnemndene
I Noreg er det åtte regionale rovviltnemnder som har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, ulv og bjørn i sin region. På desse sidene kan du finne informasjon om nemndene sine møter, planar for forvaltninga av rovvilt i regionane og kontaktinformasjon til nemndsmedlemmer og sekretariat.
Om statsforvaltarane
Statsforvaltarane utøvar mykje av den forvaltninga som er bestemt av rovviltnemndene gjennom å administrera kvotejakt, lisensfelling, tilskotsmiddel og handtera skader på husdyr forårsaka av store rovdyr. For meir info om dette sjå www.statsforvaltaren.no. Utvalde statsforvaltarar er òg sekretariat for ei eller fleire rovviltnemnder.